mandag 20. august 2012

ME SKAL ELSKA SOM DYR


Me skal elska som dyr og som englar
Som blakke hestekroppar
og sommerfuglkyss
Me skal storma fram
over sanddynene saman
og sitja heilt roleg
i sofakroken
medan det grå jærregnet
siler over knausene
si fiolette hud
Måltid lått og
det merkelege huset
me kallar framtid
Eg skal elska deg
med det hav
eg eig inni meg
me skal elska som dyr
og som engler
Helge Torvund (1951-)
Finst i samlinga: Sexy dikt, 2001



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Jeg setter pris på kommenterer i bloggen min. TAKK!